
Vi jobbar målretta for komfort og høg standard. Våre fartøy er norskproduserte med fokus på fleksibilitet og framtidsretta løysingar.
Filosofi
Fartøyet "Proa" er ein del av maritim historie. Denne typa fartøy symboliserer menneskets oppfinningsemne og tilpassing på sjøen.
Vi arbeida proaktivt med å ta stilling til korleis framtida vil sjå ut, og tar avgjersler for at ein på best mogleg måte kan handtere den framtidige situasjonen innan vårt fagområde.
Grunnleggar
Reidar Håvik
Dagleg leiar
Roy Endre Håvik
Proas AS vart starta i 2001 av Reidar Håvik som ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar og teakdekk til båtar. Etter nokre år kom sonen Roy Endre Håvik med, og produksjonen vart utvida til å gjelde reparasjon, ombygging og nybygging av båtar, so vel som produksjon av utstyr i syrefast stål og aluminium. Fram til «oljekrisa» var om lag halvdelen av produksjonen vår samansett av underlevering av Mob-båtar i glasfiber. Etter generasjonsskiftet vart snikkarverksemda avvikla og produksjonen vår består no av eigenutvikla sjarkar/arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber. I tillegg lagar vi alt av utstyr i stål og aluminium til båtane som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leiderar m.m. I februar 2020 flytta vi frå Haugsbygda i Sande til Leikong i Herøy kommune på Sunnmøre.
Våre tilsette
Formann
Christian Voldnes
Snikkar
Ingmar Jøskokbakke
Plastarbeidar
Krzysztof Boleslaw Watroba
Plastarbeidar
Mariusz Andrzej Bender
Kontormedarbeider
Irene Grinde